«Det er innover vi må gå» – eit kritisk blikk på sjølvhjelpskulturen

Arrangement

Mindfulness, sjølvrealisering, sjølvleiing og sjølvkontroll er allestadsnærverande omgrep i vår tid.

Dato / tid
20.01.2018, 16:00 - 17:30


Ole Jacob Madsen

Ole Jacob Madsen

I dette laurdagsforedraget i Voss bibliotek set Ole Jacob Madsen eit kritisk søkelys på sjølvhjelpskulturen, som til no i liten grad har vore analysert og reflektert etisk over. Han spør korvidt desse retningane er berekraftige, og på kva vis krava til sjølvrealisering kan vera problematiske for oss.

Madsen er psykolog og filosof, med doktorgrad frå Senter for vitskapsfilosofi. Foredraget er basert på boka «Det er innover vi må gå» frå 2014 og arrangementet er eit samarbeid mellom Voss bibliotek og Lesehug.

Foredraget finn stad i konferansesalen i Voss kulturhus, laurdag 20. januar klokka 16.00.