Deoran med Den Fabelaktige Kalabass i biblioteket

Arrangement

Den Fabelaktige Kalabass er musikk og forteljing for born og familiar. Passar best for born frå 3-4 år og oppover.

Dato / tid
15.09.2018, 11:00 - 11:30


Den Fabelaktige Kalabass

Musikk og forteljing om den fabelaktige kalabassen.

Kalabass er eit slag graskar. Det kan brukast til alt mogeleg, både til mat, drikkekar, bollar og ikkje minst til rytmeinstrument.

Bilete av artistane i Deoran

Deoran

Denne mangfaldige frukta, kalabass, er gjennomgående tema i musikk, instrument, scenografi, poesi og dyrefabler i Den fabelaktige kalabass. Kalabassen veks på tre og slyngplantar langs bakken i varme, turre strøk som Burkina Faso i Afrika. Kalabassen er lett og kjem i mange storleikar og fasongar og er difor svært viktige for nomadefolk i Afrika.

Deoran fortel om Den fabelaktige kalabass og spelar. Bli med i vekselsong, dans og på rytmeinstrument av kalabass. Deoran er Adama Barry (musiker, forteljar) og Anneke Bjørgum (forteljar, poet). Saman kjem dei med magiske opplevingar for barn, basert på musikk og forteljing frå afrikansk tradisjon.

Barnehagane blir inviterte til denne framsyninga fredag 14.september.