Anders Totland kjem på biblioteket med kokeboka Digg

Arrangement

Anders Totland er ein allsidig kar som skriv mange slags bøker. Til oss kjem han for å presentere kokeboka Digg.
Inngang: kr 55,-

Dato / tid
14.11.2017, 19:00 - 20:30


Kokeboka Digg

Bilete av kokeboka Digg

Kokeboka Digg

Boka er utgjeven på Skald forlag. Me saksar dette frå sidene deira:

Ein gong skulle Anders verta stjernekokk, med Michelin-stjerner og hundre timars arbeidsveke, men før han kom så langt møtte han veggen. No, ti år seinare, har forfattaren, hagebonden, journalisten og småbarnsfaren funne ein heilt annan måte å kokkelere på. Saman med fotografkamerat og kollega Marius Knutsen deler han no triksa som gjer kvardagen til fest.

I kokeboka DIGG finn vi alle ingrediensane som høyrer heime i ei kokebok: forrettar, supper, middagar og dessertar, men Anders Totland spissar det heile med eit par heilt eigne krydder. Og får du litt til overs har Anders restetips til kvar oppskrift samt eit eige kapittel om restemat.

Dei festlege rettane i boka kan lagast av kven som helst, med kvardagslege ingrediensar alle kan finne i nærbutikken i kvar einaste krå av landet.

Ei saftig, rå og raus kokebok som inspirerer sjølv den matleie i tidsklemma.

Bilete av Anders Totland

Digg. Kokk: Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN

Følg Anders og Marius:

På bloggen: http://diggkokebok.wordpress.com/contact/

På Instagram: http://www.instagram.com/diggkokebok/