
VossaBib – drøs
Ein ny podcast frå Voss bibliotek!
Fram til jolafta kjem det ein episode kvar dag, det blir altså publisert 24 adventsepisodar. I denne pilotepisoden får du ein kort introduksjon av bidragsytarane frå biblioteket. Til vanleg vil det kome nye episodar kvar fjortande dag, i tillegg blir det bonusepisodar når me har arrangement og forfattarbesøk.
I adventsepisodane møter du nokre avbibliotekarane som jobbar på biblioteka i Voss og i nokre av episodane har me med kjende gjestar. Du får høyre episodar om alt frå bøker du kan reise i, til ein samtale om barsel og ventetid. Av kjende gjestar i adventsutgåvene kan me nemne Ruth Lillegraven, Arne Hjeltnes og Herborg Kråkevik.
Voss bibliotek ynskjer med Vossabib – drøs å nå både nye og gamle biblioteksbrukarar, målet er å snakke samlingane våre ut av hyllene og heim til lyttarane av podcasten.
Her er lenkje til podcasten på Spotify: VossaBib – Drøs | Podcast on Spotify
Kjem på fleire plattformar snart. Følg med!