Klassesett på Vestland fylkesbibliotek

Klassesett på Vestland fylkesbibliotek

Aktuelt   

Søk og ting klassesett!
Vestland fylkesbibliotet har eit godt utval klassesett dei lånar ut til skulane.

Rettleiing frå fylkesbiblioteket:

 

Finn boka i katalogen: klassesett Vestland fylkesbibliotek

  • Klikk på «Sjekk ledig». Ved bestilling er det viktig å sjå kor mange bøker som er ledige.
  • Klikk på «Bestill klassesett». Fyll ut skjemaet så nøyaktig som mogleg.
  • Me brukar vanlegvis 1-3 dagar på å ekspedere ei bestilling. Ta kontakt om du ikkje har høyrt frå oss innan ei veke etter bestilling.

Om bøkene er utlånte/reserverte:

  • Me vi setje skulen på venteliste og gi beskjed til lærar om når ein kan vente å få klassesettet. OBS: Det kan vere venteliste på bøkene, då vil det stå «Reservering(ar): …» under fana «Sjekk ledig».
  • Du kan tinga/reservera bøkene til ein bestemt dato – gi beskjed i kommentarfeltet!
  • Er nokre av bøkene du vil låne ledig? Gi beskjed i kommentarfeltet om du vil ha dei ledige bøkene tilsendt med det same og resten seinare.

Utsending av bøker:

  • Me sender melding når klassesettet er sendt frå oss.
  • Bøkene vert sendt kostnadsfritt til næraste folkebibliotek (hovudbiblioteket). Skulen må sjølv hente og returnere bøkene til folkebiblioteket, som tek seg av vidaresending til fylkesbiblioteket.
  • Me brukar vanlegvis 1-3 dagar på å ekspedere ei tinging, men i periodar kan det ta lenger tid. Me oppmodar om å ta direkte kontakt om du ikkje har høyrt frå oss innan ei veke etter bestilling.

Sjå meir informasjon om søkebasar for ulike alderstrinn og lånereglar m.m. sjå her:

https://www.vestlandfylke.no/kultur/bibliotekutvikling/klassesett/