Sommarles 2020: Takk for i år!

Sommarles 2020: Takk for i år!

Aktuelt   

Biblioteket ynskjer å takka alle som har delteke på Sommarles 2020
Me er glade for at de er leselystne og vonar de ynskjer å vera med i neste runde!

Grunna corona-situasjonen er me diverre nøydd å utsetje Sommarles-festen til neste år. Då vil me invitere til kick-off for Sommarles 2021, dele ut diplomar til alle deltakarar for 2020 og gje ei ekstra påskjøning til superlesarane våre! Meir informasjon vil kome.

Merk! Har du henta alle premiane dine? Det er framleis mogleg å hente premiar på biblioteket sjølv om sida er stengt for registrering av bøker.

Helsing alle oss i biblioteket