Berit Opheim

Nøringen: Syng med Berit! Opplæringsvideoar i lokal folkesong på YouTube

Aktuelt   

Saknar de songstundene på biblioteket?
Hardingfela.no har laga Youtube-kanalen "Nøringen: Syng med Berit!" Her ligg det 25 fine opplæringsvideoar med lokale folkesongar frå Voss og Hardanger.

Hardingfela.no (satsing eigd av Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet) satte for eit par år sidan i gang «Nøringen – eit kulturskuletilbod for 4-6 åringar» saman med kulturskulane og spelemannslaga i regionen. Temaet for tilbodet er kulturarv med lokal folkemusikk og folkedans som den raude tråden. Nøringen har vore ein stor suksess, og me ynskjer å fylgje opp Nøringen slik at endå fleire får høve til å læra våre lokale folkemusikktradisjonar.

Kvedaren Berit Opheim valgt ut lokale songar som høver godt for born. Ho har til no sunge inn 25 songar (frå Granvin, Ulvik, Ullensvang og Voss) som ligg fritt tilgjengeleg på Youtube.

Sjå alle 25 episodane her:  Nøringen: Syng med Berit!

Det kjem fleire songar utover hausten.