Biblioteka opnar for utlån og innlevering

Aktuelt   

No kan du levere og låna bøker på biblioteket att. Måndag - fredag 12 - 16, laurdag 12- 14 på Voss, måndag og torsdag 12 - 17 i Granvin.

Bilete av Voss kulturhus med biblioteket

Velkomen til Voss bibliote

Biblioteket er ope

Etter at me har hatt stengt i to månader, er me no glade for at me kan ynskja folk velkomne i biblioteket.

De kan levere og låna bøker og andre medium. Alle må ha med lånekort, og bruka utlånsautomaten så langt det let seg gjera.Det er viktig å følgja smittevernreglane. Dersom du er sjuk, skal du ikkje koma i biblioteket. Det er på plass dispenserar for handsprit ved inngangen, og ved utlånsautomaten. De må sprita hendene før de kjem inn, når de går ut og før de låner på automaten. Det skal vera minst ein meter avstand mellom folk i biblioteket, og ein meter avstand mellom publikum og personale.

Du kan lesa meir om smitttevern på Voss herad sine sider.

– Det er ikkje høve til å bruka publikum-PC-ar.
– Leiker og spel kan ikkje brukast.
– Lesesalen på Voss er open etter avtale.