Damer med ryggen til – Kva vil dei fortelja?

Aktuelt   

Boktips frå heimekontoret

Damer med ryggen til

Damer med ryggen til er eit vanleg syn på framsidene no for tida. Det signaliserer for mange «ei god bok», ein lettlesen dameroman, gjerne med eit mysterium i fortida som kjem fram i dagen.

Solsøsteren av Lucinda Riley er kanskje den mest etterspurde boka på biblioteket no. Electra D’Aplièse kvinna som har alt: Ho er vakker, rik og berømt, men har det likevel ikkje så bra. Ein dag får ho brev frå ei framand kvinne, noko som etter kvart fører ho til Afrika og jakta på fortida. Det er ikkje utan grunn Riley sine bøker er så populære. Dette er ei medrivande forteljing som gjev oss afrikansk historie på kjøpet.

Italienske netter av Katherine Webb er ikkje så lys og lett som detkan shjå ut til på omslaget. Me er i 1921, Clara Kingsley reiser til Sør-Italia for å møta ektemannen og bu hjå ein rik landeigar. Ho reiser saman med stesonen som er tenåring. I Italia er det store konfliktar mellom landeigarar og fattige landarbeidarar. Webb skildra det vanskelege livet og det brutale samfunnet der fascismen veks fram. Det blir sjølvsagt også kjærleik og død. Ein dramatisk roman med mykje interessant historie.

Tusen års inderlig bønn av Yiyun Li er ei heilt anna slag bok. Det er ei novellesamling, for så vidt også historisk, men det er nær historie. Me lærer historien å kjenna gjennom personane me møter i novellene. Nokre va dei bur framleis i Kina, andre i eksil. Nokre heidrar framleis partiet, andre satsar alt på børsen. Ekteskap, homofili og abort er tema i nokre av forteljingane. Det er stillfarande forteljingar om eit folk i forandring. Fofattaren bur i USA og dette er utruleg nok debutboka hennar. Her kan du lesa ein lengre omtale

Du finn alle bøkene i Voss bibliotek