Hentebibliotek med innlevering og utlån frå 4.mai

Aktuelt   

Biblioteket opnar for utlån og innlevering, måndag - fredag, kl. 12 - 16. Bøker og anna må hentast og leverast i kassar utanfor biblioteket.

Hentebibliotek frå 4.mai

Frå måndag 4. mai kan de henta og levera bøker utanfor kulturhuset, måndag – fredag kl. 12- 16. De bestiller på voss@voss.folkebibl.no, eller på telefon 56519490.

De må gje opp namn, lånenummer, telefonnummer, kva de ynskjer å låna og når de kan henta. Det er framleis mange populære bøker som er utlånte, så det er fint om de har alternativ. De kan sjå om bøkene er inne ved å søkja i katalogen vår.

Me veit ikkje når biblioteket kan opna for vanleg drift, men er glade for at me kan gje dette tilbodet inntilo vidare.

Bilete av Voss kulturhus med biblioteket

Hentebibliotek