Marianne sluttar etter 38 år i Voss bibliotek

Aktuelt   

Takk for mange kjekke arbeidsdagar og godt samarbeid, Marianne! No er tida komen for å pensjonere seg, etter imponerande 38 år!

Takk for mange kjekke arbeidsdagar og godt samarbeid, Marianne!
Biblioteket er stengt for tida, men Marianne har likevel stått på og jobba. No er tida komen for å pensjonere seg, etter imponerande 38 år!
Marianne byrja på Bjørgum filial i februar 1982. Etter kvart vart det full jobb i Voss folkeboksamling og Voss bibliotek, som den gongen heldt til i Kyrkjebø, seinare i Tinghuset og dei siste 9 åra i Voss kulturhus.
Marianne har heile tida vore ein allsidig og kreativ kollega, og har jobba med mykje forskjellig, med eit stort engasjement. Ho har lese mykje både vaksen- og barnelitteratur, har god greie på lokalhistorie og slektsgransking, flink med kvissar, og fleire gonger har ho laga system i rotet vårt.
Laurdag 18. april er hennar siste arbeidsdag på biblioteket. Takk til deg Marianne! Du er velkomen innom til oss når som helst!

Me trur mange vil sakne deg.