Lesestoff frå biblioteket til påske?

Aktuelt   

Det er mange som ynskjer seg ei fysisk bok, lydbok, ein DVD eller eit «dataspel» i desse tider. No får de høve til å låna bøker utan at de treng å koma inn i biblioteket.

Hentebiblioteket , tilbod om bestilling av bøker og andre medium

Me vil opna for bestilling og utlevering i nokre dagar fram mot påske. Kommunelegen har gitt oss løyve og me skal følge smittevernreglane nøye. Det er viktig at du som hentar viser omsyn og berre tek i din pose.

Løveungen er einsam på biblioteket

Send ein e-post til voss@voss.folkebibl.no innan tysdag 7. april kl 12.00 og fortel oss kva du ynskjer. Me treng lånekortnummer, fullt namn og kva tid du kan hente materialet. Dersom du har nokon som skal hente for deg, må du du gi oss fullt namn på personen som hentar. Du kan også kontakte oss på Facebook/Messenger. OBS, berre ein pose per lånar.

Dersom du ikkje har e-post kan du ringja tlf 56 51 94 90 mellom kl 10 – 14 på kvardagar fram til 7. april. Sjå hentetider under.

Me låner berre ut media som er ledige på hovudbiblioteket. Granvin filial er diverre stengt for utlån. Det er ikkje høve til å levere inn bøker.
Me pakkar bestillinga di i ein pose som me merker med namn. Etter nærare avtale set me posen utanfor hovudinngangen. Posen må hentast innan tidsfristen.

Hentetider:
Torsdag 2. april kl 14 – 16
Fredag 3. april kl 14 – 16
Måndag 6. april kl 14 – 16
Tysdag 7. april kl 14 – 16

God påske!

Tittel: Det går bra