Lesetips frå heimekontoret

Aktuelt   

Hallgeir Opedal: Heim : ei vandrehistorie

Eg sat og humra og lo då eg las denne boka. Journalisten og forfattaren Hallgeir Opedal fortel om turen sin til fots frå Oslo til Odda. Han fortel om det han ser og opplever undervegs og om mennesker han møter. Alt dette er ganske så fornøyeleg skildra, med eit lettlese språk og med sjølvironi.

Journalisten og forfattaren Hallgeir Opedal fortel om turen sin til fots frå Oslo til Odda. Han fortel om det han ser og opplever undervegs og om mennesker han møter. Alt dette er ganske så fornøyeleg skildra, med eit lettlese språk og med sjølvironi. Her får ein både reiseskildring, slektshistorie, Noregshistorie og ein får kan hende nye geografikunnskapar. Boka finst og som ebok i Bookbites-appen