Boktips frå heimekontoret

Aktuelt   

Tvillingtrilogien av Agota Kristov er komen i ny norsk utgåve. Dette er ein moderne klassikar som er svært aktuell i dag. Det handlar om å overleva
under svært vanskelege forhold.

Tvillingenes dagbok og Beviset av Agota Kristov

Ny utgåve av Tvillingenes dagbok

Dersom du vil ha noko lyst og lett å lesa, er ikkje dette bøkene for deg. Agota Kristov skriv om krig, okkupasjon, fattigdom og ein oppvekst der born ikkje får vera born.

I Tvillingenes dagbok og oppfylgjaren Beviset, møter me menneske som kjempar for å overleva og tek alle midlar i bruk. Bøkene er skrivne i ein enkel telegramaktig stil, er lette å lesa, og vanskelege å leggja bort før siste side er slukt.

På Cappelen Damm sine sider kan du lesa meir om forfattaren og om desse spesielle bøkene.

Det er ein moderne klassikar dette her, har eg oppdaga. Det er både laga film og teater av Tvillingenes dagbok. Det er ein triologi der tredje bok også skal koma på norsk.

 

 

Du finn bøkene som e-bok, på Book Bites

E-bøker