Biblioteket er stengt, men nettbiblioteket kan du bruka

Aktuelt   

Voss bibliotek i kulturhuset og i Kulturbanken i Granvin er stengt inntil vidare. Heldigvis har me nettbiblioteket.

Stengt bibliotek

Dessverre må me stengja biblioteket inntil vidare. Det går ikkje an å låna eller levere inn bøker i denne perioden. Me vil ikkje senda purringar. Du kan heller ikkje tinga bøker. Meirope i Granvin vert også stengt.

Biblioteket på nett

Sjølv om du ikkje kan koma i biblioteket, har me mange gode digitale ressursar som kan brukast.

Det aller enklaste er kanske å lasta ned appen Bibliofil og logga seg inn på denne. Her kan du sjå låna dine og administrere dei. I appen kan du gå direkte til Press Reader og lesa ferske aviser, heilt gratis. I Press Reader finn du også mange ulike tidsskrift og aviser på andre språk enn norsk. Nettbiblioteket frå Nasjonalbiblioteket og Filmbib, der du kan sjå filmar på nett, får du også tilgang til i appen.

Du kan også administrere lån ved å gå inn på  Mine sider 

E – bøkene finn du på appen Book Bites.

Send melding til voss@voss.folkebibl.no om de treng pinkode eller anna hjelp for å logga på.

Digitale kjelder i lokalhistorisk arbeid

Kanskje har du no tid til å kasta deg over dei digitale arkiva og grava fram slekta di? I så fall ligg det lenke til Digitalarkivet og mange andre gode kjelder på framsida nett no. Her er det også ein artikkel der du får vita meir om korleis du brukar kjeldene. I Marcus finn du historiske foto og digitale utstillingar.

Gå inn på sida og til Digitale ressursar, så finn du dette og mykje meir.

Nasjonalbiblioteket

Nasjonalbiblioteket er det utruleg mykje spanande å finna. Her er det foredrag, utstillingar, arrangement og dokument.

Lesekampanjar:

Heile Noreg les

Hele Norge leser er i gang med ny kampanje!
Kampanjen startar 19.mars og varar i fyrste omgang ut april
Kampanjen vil trekke ut deltakarar som får bokpremiar i posten. Gå inn og registrer deg på Hele Norge leser

Norli junior, lesekonkurranse for born

Norli junior tek ein ekstra runde med lesekonkurranse for born frå 19.mars. Her kan skulane melda seg på.

Du kan fylgja bibliioteket på Facebook og Instagram. Det er stor kreativitet og mykje godt innhald som vert lagt ut. Me deler gode tiltak frå andre bibliotek og institusjonar som driv med litteratur og kulturformidling.

Kos deg med biblioteket i ei vanskeleg tid!