Sommarles 2019

Aktuelt   

BLI MED PÅ DEN KULASTE LESEKAMPANJEN I SOMMAR!

Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7.klasse, delta på Sommarles.no 2019.

Vi har utvikla Sommarles.no for å gjera lesing endå litt gøyare for dykk. For kvar bok du les og registrerer på Sommarles.no, får du XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Sommarles.no er for alle, uansett kor fort eller sakte du les. Du kan velja å lesa vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriebøker, eller du kan få nokon til å lesa høgt for deg  – all lesing tel og gir deg XP. Og sjølvsagt har vi premiar! Du kan få både kule digitale trofé til profilen din på nettsida, og premiar som du hentar på biblioteket.

Sommarles.no er ein nettbasert kampanje. Det vil seia at du lagar ein egen profil, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følger med på kva vennene dine les, alt på nettsida ​Sommarles.no​. Her får du også tilgang til ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Sjekk ut altom.sommarles.no (eller ​Sommarles.no​ etter den 1.juni)​ ​for meir info.

Har du ikkje nettilgang, kan du likevel delta med eit vanleg lesepass. Då er det berre å stikka innom biblioteket for å få hjelp med det.

Til foreldre/føresette Sommarles.no er ein nettbasert lesekampanje, utvikla i 2014 av Vestfoldbibliotekene, Vestfold fylkesbibliotek og Snuti AS. Sommarles.no er laga for å motivera barn til å lesa av eigen lyst. Det skal vera gøy å vera med på Sommarles.no! Barn som les jamleg i løpet av sommaren, held ved like leseferdigheitene sine gjennom ein lang ferie. Nokre barn les på fritida utan nokon ekstra motivasjon, men vi veit også at dei barna som ikkje gjer det, stiller med eit dårlegare utgangspunkt ved skulestart neste år. Vi håper at de vil hjelpa oss med å motivera barnet dykkar til å vera med på Sommarles.no. Sommarles.no er ein flott lesekampanje uansett kvar de skal feriera i sommar. Ta turen innom Sommarles.no​ for meir info  – eller besøk ditt lokale bibliotek!

GOD SOMMAR MED SOMMARLES.NO 2019!