Bokåret 2019

Aktuelt   

I år er det 500 år sidan den første norske boka blei trykt! For å feire denne historisk viktige hendinga har Nasjonalbiblioteket tatt initiativet til ei stor nasjonal markering. BOKÅRET 2019 skal markerast med 1500 arrangement i 500 bibliotek i heile landet.

Leseglede for alle

Målet med Bokåret 2019 er å spreie leseglede og interesse for litteratur til publikum i alle aldrar. Det vert stor variasjon i arrangementa til born, ungdom og vaksne. Alle skal kunne finne eit arrangement som interesserer dei. I Bokåret 2019 reiser mange av dei mest kjende og populære forfattarane i landet rundt til biblioteka i Hordaland, slik at publikum kan få møte favorittforfattarane sine. Bokåret 2019 er året der ein skal kunne bli endå betre kjent med litteraturen ein allereie er glad i og samstundes oppdage nye litterære favorittar.

Kven kjem til deg?

Følg med på feiringa av Bokåret i biblioteket ditt. Det kan vere spennande arrangement i nærmiljøet.

Arrangement til lands og til vanns i heile fylket

Fylkesbiblioteket i Hordaland har fått tildelt kr. 800 000 frå Nasjonalbiblioteket for å lage 206 arrangement på 206 ulike stader i 32 kommunar i Hordaland fylke. Alle folkebiblioteka i Hordaland skal vere med på å markere Bokåret 2019. I tillegg til dei lokale biblioteka vil bokbåten Epos og dei fire kommunale bokbussane ha med seg gode arrangement til kvar kring og krok i fylket.

Programmet for Bokåret 2019 er under stadig planlegging og utviding. Følg difor med på nettstaden vår for å halde deg oppdatert om kva forfattarar som kjem på vitjing til oss, og andre arrangement vi skal ha for å feire litteraturen utover året.

 


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek