Vinterles- bingo for vaksne, på biblioteket

Aktuelt   

Bli med på Vinterles ein heilt ny lesekonkurranse. Denne gongen er det for vaksne og ungdom over 16 år. På biblioteket kan du få gode tips til bøker som passar i dei ulike rutene.

Voss bibliotek inviterer til spennande lesekonkurranse

Det går mot kaldare tider. Dagane blir kortare og det mørknar tidleg.
Då er det godt å kunne setja seg ned i godstolen med varm drikk og ei god bok. Vinterles-Bingo er ei uhøgtideleg leseutfordring for vaksne frå 16 år. Du kan lesa heilt fram til 6. april 2019. Ei vassrett eller loddrett rekke gir eit lodd i trekkinga, fullt brett gir 10 lodd. Same bok/tittel kan nyttast ein gong. Konkurranseark med informasjon kan du skrive ut (sjå foto) eller du kan hente på biblioteket. Sjå miniutstillinga vår med leseframlegg. Lukke til!

Her er konkurransearket

Bilete av skjema

Skjema for vinterles