Fine stemmer på Ulvik folkebibliotek

Aktuelt   

Under poesifestivalen i Ulvik kunne me treffa lyrikarane Svanhild Amdal Telnes og Sigmund Løvåsen i eit arrangement på biblioteket. Eit fint møte med to flotte personlegdomar, fine opplesingar frå to poetar som hadde mykje interessant på hjartet

Eit fint møte med to flotte personlegdomar, fine opplesingar frå to poetar som hadde mykje interessant på hjartet.

Om nettene brukar mor dråpeteljar er forma som ei forteljing eller minnebok i ein slags historisk – biografisk form, der eg- personen Anna dreg heim for å ta eit oppgjer med fortida si prega av overgrep og omsorgssvikt. Ho er nøydd å oppsøke det vonde for å sleppe den laus. Både far og Anna er på mange måtar undertrykt av mor, som viser seg å vera ein maktfaktor i familien. I tillegg har ho vonde opplevingar med broren.   Greier Anna å leggje fortida bak seg?

Med Der øksene haustar inn kjem Løvåsen tett på naturen, med ein tilstandsrapport om forvaltning av naturlandskapet og
jordbrukssamfunnet i dag, med dei teknologiske utvinningane i jordbruket. Det handlar om menneska som formar landskapet, og landskapet som formar menneska. Frå kvardagslege observasjonar av skogsarbeid, gards- og familieliv strekker tekstane seg langt i både tid og rom. Frå gleder og sorger ved det å vie livet sitt til å dyrke, pløye, så og hauste, skildrar poeten eika som har vandra oppover Europa gjennom tusenvis av år.

 

Begge samlingane får du låne på biblioteket


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Ulvik folkebibliotek