Ledig stilling som bibliotekmedarbeidar

Aktuelt   

Voss bibliotek har ledig mellombels stilling som bibliotekmedarbeidar i 30%. Me søkjer deg som er interessert i å arbeida med sosiale medium og digitalformidling. Du må gjerne ha gode fotokunnskapar.

Bibliotekmedarbeidar

Det er ledig 30% mellombels stilling som bibliotekmedarbeidar i tida 01.09. – 31.12.2018.

Stillinga vil få spesielt ansvar for sosiale medium, utvikling av nettsida vår og visuell kommunikasjon både i biblioteket og digitalt. Målet med denne stillinga er å gjera biblioteket meir tilgjengeleg, synleg og variert, og auka kompetansen til personalet på dette området.

Bilete av annonse om jobb

Om arbeidsstaden

Voss bibliotek har nye, fine lokale i Voss kulturhus. Sjå www.vossbibliotek.no

Arbeidsoppgåver

* Vidareutvikling av nettsida vår
* Kommunikasjon på sosiale medium
* Utstillingar og visuell kommunikasjon
* Digital formidling på ulike plattformer

Stillinga kan ha arbeid på ettermiddag og kveld.

Me søkjer

* Utdanning innan media, gjerne foto og digitale medium og erfaring frå slikt arbeid
* Gode samarbeidsevner
* Evne til å arbeida sjølvstendig
* Utettervend og kreativ

Me tilbyr

– eit godt arbeidsmiljø i eit spennande bibliotek som legg vekt på fagleg utvikling og samarbeid
– eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
– gode forsikrings- og pensjonsordningar
– løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Søk på stillinga på Voss kommune sine sider

Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova §25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.