Leseknappen 2019

Aktuelt   

Alle som går i andre klasse kan få Leseknappen. Det som skal til er å lesa ti bøker. Leseknappen er eit flott spesialdesigna jakkemerke.

Leseknappen

Leseknappen

Alle andreklassingane på Voss er inviterte til å vera med på Leseknappen. Dette er eit samarbeid mellom biblioteket, skulen og heimen.

Biblioteket inviterer alle elevane på besøk, her får dei informasjom dette leseprosjektet og orientering om biblioteket. Me les også ei bok for klassen. Dei får med seg brev til foreldra og ein faldar med lesetips. Bøkene dei les skal førast opp i det gule lesekortet som dei også får utdelt.

I Leseland-serien er det mang fine lettlesbøker på nynorsk. Dei er delte inn etter nivå og i ulike fargar. Det er både forteljingar og faktabøker. Leselandbøker finn du her

Biletbøker passar også for elevar i andre klasse.