Lokalsamling og slekt

Voss bibliotek har ei stor lokalsamling med bøker om Voss og vossingar. Bøker som ikkje er til utlån er plasserte i eige rom i biblioteket,

Lokalsamling
Lokalsamling

I lokalsamlinga på biblioteket står bøkene som ikkje er til utlån. Her er det også arbeidsplassar og ein pc for publikum. Dei lokale bøkene som er til utlån, står uti biblioteklokalet, ikkje så langt frå skranken. Biblioteket har bygdebøker og ættebøker frå dei fleste kommunane i Hordaland og nabokommunar i Sogn og Fjordane. I lokalsamling vår finn ein også boksamlinga etter filosofen Hans Skjervheim. Desse bøkene kan lånast. Biblioteket har felles katalog med Voss folkemuseum.

Voss bibliotek si lokalsamling inneheld litteratur om Voss og vossingar, litteratur av forfattarar frå Voss eller forfattarar med tilknyting til Voss. Voss bibliotek freistar å kjøpa all lokalhistorisk litteratur etterkvart som det kjem ut. Me har og noko materiale nabokommunar. Biblioteket si lokalsamling inneheld også bøker som Voss Ættesogelag eig eller har kjøpt inn til biblioteket.

I lokalsamlinga finn du:
Gardssoger
Slektsbøker
Handels -og bedriftshistorie
Lag -og foreningshistorie
Skjønnlitteratur av forfattarar frå Voss

Ein del av den lokale litteraturen er diverre ikkje til heimlån, men må brukast/lesast på biblioteket.

Slektsgransking

Voss bibliotek samarbeider med Voss Ættesogelag og kan hjelpe deg om du er på leit etter slekta. Ættesogelaget og biblioteket arrangerer slektslaurdag med slektshjelp eit par gonger for året. Ættesogelaget held dei fleste møta sine i biblioteket. Desse møta er opne for alle.

Digitale referansar:
Vossaboki I-IV
Nasjonalbiblioteket – digitale media
Voss Ættesogelag
Slekt.no – gode referansar for slektsgranskarar
Gravminner – søk etter gravlagde i Noreg
Gravlagde på Voss
Kyrkjebøker/Folketeljingar – Digitalarkivet
Onlinekurs i Gotisk handskrift
Galleri Nor – Nasjonalbiblioteket si fotosamling
Digitalt museum – søk i fotosamlingar

Lokalhistoriesøk

I søketenesten under kan du søke i gratis bøker, bilete og aviser frå Nasjonalbiblioteket og kulturdatakjelda Norvegiana.

Etter kvart som du skriv i søkeboksen, viser det automatisk ei oppdatert treffliste. Får du mange treff kan du klikke på forstørrelsesglaset eller trykke Enter for å opne trefflista i eit nytt vindauge og i ein tabell som kan sorterast.

Lokalhistoriesøk er utvikla ved Buskerud fylkesbibliotek som ein del av prosjektet Webløft.

[finnlokalhistorie_skjema]