Bokbussen

Bokbussen er eit samarbeid mellom skular, barnehagar og biblioteket i Voss kommune. Dette er eit rullande bibliotek der du kan låna bøker.

Bokbussen ved kulturhuset

Bokbussen ved kulturhuset

 

Nils Bjarne Stabæk er bokbussbibliotekar. Han har  tlf. 952 62 019. Her finn de bokbussruta

Bussen går til skular og barnehagar utanfor sentrum. Skulane og barnehagane får besøk kvar 3. veke. Lånetida for bøker som elevane låner på bussen er 6 veker. Om de ynskjer at me skal ta med litteratur frå hovudbiblioteket, vær gild å ta kontakt i veka før. De kan senda e-post til: voss@voss.folkebibl.no, eller de kan ringja tlf. 56 51 94 70 (Voss bibliotek).

Tenesta er ei utviding av skulebiblioteket og eit svært viktig tilbod for born og unge i Voss kommune. Voss er ein av fem kommunar i Hordaland som har denne tenesta.