Tenester

Voss bibliotek låner ut bøker og andre media, men har også mange andre tilbod og tenester. I programmet vårt finn du mange kultur- og litteraturarrangement. Andre tenester er lesesal og arbeidsrom for studentar. I biblioteket er det mange leseplassar både for born og vaksne.

Voss bibliotek låner ut bøker og andre media, men har også mange andre tilbod og tenester. Du finn mellom anna ei rad arrangement med forfattarbesøk, debattar, foredrag, musikk og barneprogram. Fjernlån er ei teneste der me låner inn litteratur frå andre bibliotek om biblioteket ikkje har det i samlingane. Sjølvbetjening er ei anna teneste der du kan logga deg inn med lånenummeret ditt og administrere låna dine.

Utlån av bøker og andre media

 

Bilete av lesehjul

Lån bok

  • Biblioteket låner ut bøker, lydbøker, tidsskrift, filmar og andre media.
  • Biblioteket har eit godt utval aviser og tidsskrift.
    Alle avisene, utanom «Hordaland», vert liggjande ei til to veker. Tidsskrift 1-2 år.
  • Aviser er ikkje til utlån, men tidsskrift kan lånast i ei veke (ikkje siste nummer).
  • Biblioteket er med i ei prøveordning for utlån av e-bøker i Hordaland.

Arrangement

Me har ulike arrangement i biblioteket, slik som forfattarkveldar, konsertar og barnearrangement. Ved nokre av arrangementa vil det verta inngangspengar.
Voss bibliotek og Voss kulturhus sitt program finn du i brosjyren vår.

Bilete av publikum i biblioteket

Arrangement i glaskroken

Fjernlån

Bøker og andre media som Voss bibliotek ikkje har, kan fjernlånast frå andre bibliotek.

Nye bøker er vanskelege å fjernlåna, då eigarbiblioteka som oftast prioriterer eigne lånarar.

Musikk på CD og spelefilmar på DVD kan vanlegvis ikkje fjernlånast.

Internett

Det er trådlaust nett i biblioteket. Me har også pcar som publikum kan bruka gratis, men utskrifter kostar kr 3.- pr stk.

Rett kopi

Biblioteket tek «Rett kopi». Det kostar kr 7.- for kvart stempel.

Kurs

Biblioteket har av og til ulike kurs, ofte i samarbeid med andre. I 2016 har me skrivekurs i samarbeid med Voss Lyrikklag.

Ny i Noreg

Me har ordbøker og språkkurs på ulike språk og lettlesne bøker på norsk. Me har også eit lite utval tospråklege bøker og bøker med CD.
Vaksenopplæringa har norskopplæring for innvandrarar og flyktningar.