Bokbussen

Bokbussen er eit samarbeid mellom skular, barnehagar og bibliotek i Voss kommune. Dette er eit rullande bibliotek der du kan låna bøker.

Bokbussen ved kulturhuset

Bokbussen ved kulturhuset

 

Her finn de  Bokbussruta våren 2018.

Bokbussen vitjar skular og barnehagar utafor sentrum, og desse får normalt vitjing kvar tredje veke, om feriar ikkje tilseier noko anna. Lånetida for bøker, som elevane låner på bussen, er 6 veker, men vert forlenga om det er ferieveker før neste vitjing. Om de ynskjer at bokbussen skal ta med litteratur frå hovudbiblioteket, vær gild å ta kontakt i veka før. Dette kan de gjera ved å senda ein e-post med ynskje til: voss@voss.folkebibl.no, eller de kan ringja tlf. 56 51 94 90 (Voss bibliotek).

Tenesta er ei utviding av skulebiblioteket og eit svært viktig tilbod for born og unge i Voss kommune. Voss er ein av fem kommunar i Hordaland som har denne tenesta.

Nils Bjarne Stabæk er bokbussbibliotekar, og har  tlf. 952 62 019.