Student

Dersom du er student eller treng eit arbeidsrom, har biblioteket lesesal, grupperom og møterom i andre etasje. Alle rom har gratis trådlaust nett. Biblioteket kan også låna inn pensumlitteratur og anna litteratur til studentar.

Student på Voss

Det er fleire desentraliserte studium på Voss. Det er også mange som studerer i Bergen som treng ein arbeidsplass på Voss. Ein viktig del av biblioteket sitt arbeid er kunnskapsformidling i ulike variantar. Dersom du er student, ynskjer biblioteket å vera eit lokalt kompetansesenter som tilbyr arbeidsplass, litteratur og samvær med andre studentar.

Lesesal

Er du student kan du bruka biblioteket sin lesesal i andre etasje. Her er det arbeidsplass for ti personar. Lesesalen kan brukast utanom biblioteket sine opningstider – når det er andre aktivitetar på huset. Lesesalen har gratis trådlaust nett. Du får brukarnamn og passord ved å kontakta skranken i kulturhuset eller biblioteket.

Utsikt over Vangsvatnet

Utsikt frå Lesesalen i Voss bibliotek

Studierom

Ved sida av lesesalen er det eit rom som du som student kan bruka både til individuelt arbeid og som grupperom og møterom. Rommet må tingast på førehand.

 Studielitteratur

Dersom du er student kan du låna faglitteratur på biblioteket. Me har ein del studielitteratur, men det er vanskeleg å vera oppdatert i alle fag. Biblioteket låner difor inn bøker frå andre bibliotek. Bibliotektransporten kjem med bøker måndag, onsdag og fredag. Er du student kan du bestilla bøker ved å koma på biblioteket, ved å ringja oss eller ved å senda e-post til voss@voss.folkebibl.no. Som student kan du bestilla bøker sjølv, men det går som regel fortare om me sender bestillingane og bestemmer kva bibliotek me låner inn frå.

Søk etter studielitteratur

Du kan søkja etter aktuell litteratur i Oria og sende referansane til oss på mail til voss@voss.folkebibl.no.