Om biblioteket

Voss bibliotek
Evangervegen 6
5704 Voss
Tlf 56 51 94 90
www.vossbibliotek.no
voss@voss.folkebibl.no

Voss bibliotek

 

Voss bibliotek ligg ved Vangsvatnet, like ved Voss stasjon. I fyrste etasje er det fine sitteplassar med utsyn over vatnet og Vossanaturen. Her er også bøker, aviser, tidsskrift, filmar, barneavdeling og lokalsamling. Biblioteket har både trådlaust nett og stasjonære pcar som kan brukast av publikum.

sittegrupper og aviser

Aviskroken i biblioteket

I andre etasje er det møte- og arbeidsrom for studentar og andre.

Me har arrangement for born og vaksne, ofte i samarbeid med lokale lag.

I skuleferien er det  Sommarles for born.I år deltek me i Sommarles.no

I 2015 starta me med Leseknappen for andreklassingar. Dette er eit samarbeid mellom biblioteket, skulen og heimen.

 Bokbussen

Bokbussen går til skular og barnehagar utanfor sentrum. Dei får besøk kvar tredje veke. Elevane kan låna bøker med seg heim.

Bokbussen ved kulturhuset

Bokbussen

Prosjekt i biblioteket

Voss bibliotek har delteke i EU-prosjektet Crosswise Learning  saman med Voss vaksenopplæring og logopedi. Me held fram med samarbeidet om språkopplæring og har no mellom anna språkkafe og opplæring i grunnleggjande ferdigheiter.

Prosjektet  Litteraturformidling for ungdom er støtta av Fritt Ord.

Me har også dataopplæring for nybyrjarar, støtta av Digidel.

Bilete av barnearrangement

Barnearrangement Foto: Å Dyrnesli /Vossajazz

Dei faste samarbeidspartnarane våre er:
Lesehug, Voss Ættesogelag, Voss Lyrikklag, Ole Bull Akademiet, debattVOSS,
Voss folkeakademi, Voss vaksenopplæring og logopedi, Voss kino, Voss kunstlag og
Voss kulturhus.

Biblioteket er organisert under avdelinga Kultur og fritid i Voss kommune

Kontakt oss gjerne på voss@voss.folkebibl.no