Mine sider

Mine lån er sjølvbetjening på nett.
I Mine lån kan du logga inn med lånenummeret ditt (sjå lånekortet) og passord.
Dei tre fyrste gongene kan du nytte fødselsdatoen som passord (PIN-kode).
Du kan også få passord ved å senda ein epost til voss@voss.folkebibl.no

Logg inn med lånekort i Mine lån

 

Mine lån gjer det mogeleg for deg å sjå lån, fornya og bestilla bøker og andre media

• I Mine lån kan du halda oversikt over kva du har lånt og sjølv fornya låna dine. Dersom du har lånt bøker via fjernlån må du framleis kontakta biblioteket. Me fornyar då hjå eigarbiblioteket.

I Mine lån kan du også søke opp bøker og andre media og sjå om det står i hylla på biblioteket. Du kan reservere bøker ved å trykkja  “Bestill-knappen”. Dersom boka  ikkje er inne, kjem du på venteliste. Dersom boka er inne set me denne på reserveringshylla og du får melding om at boka kan hentast.  Det er ei vekes hentefrist. Når utlånte bøker eller media kjem inn, får du melding om dette. I Mine lån kan du sjå kva plass du står på i ventelista.

I Mine lån kan du lagre interesseområde og få epost frå biblioteket når vi får inn nye bøker innan dine emne. Klikk på “Meir”, “Interesser” og “Forhåndsdefinerte søk”. Dersom du ikkje finn boka du leitar etter, kan du klikke på “Foreslå innkjøp”.

I Mine lån ser du også kva data biblioteket har om deg og du kan eventuelt endre adresse, telefonnummer og epost. Ynskjer du å sjå kva du har lånt før, må du Slå på automatisk lagring/historikk. Du finn dette på Mine lån – Min profil – Andre innstillingar. 

 

Bibliofil-appen

Bibliofil-appen, biblioteket sin app, finn du på nettbrett og mobiltelefonar. Her har du tilgang til søking, reservering, lånekortet og gratis-avistenesta PressReader. Logg inn med lånarnummer og Pinkode.

Bibliofil-appen er tilgjengeleg for nettbrett og mobiltelefonar med Android og iOS. Dette er ein app som gjer det enkelt å finna fram til biblioteket sine tjenester. Du får full tilgang til søk, reservering, lånarsider og gratis-avistenesta PressReader. Bibliofil-appen kan lastast ned frå App Store eller Google Play. Start opp appen, vel bibliotek (Voss bibliotek) og logg inn med lånarnummer og Pinkode frå biblioteket. Klikk på menyen øvst i venstre hjørne. Her får du tilgang til søking, lånekort, gratis-avistenesta PressReader mm.