Lånekort

Med lånekort på biblioteket kan du låna bøker, tidsskrift, filmar og andre media. Alle som bur i landet kan få lånekort. Det er gratis å bruka biblioteket og låna bøker og andre media. For å få lånekort må du visa legitimasjon og fylla ut eit lånekortskjema. Born får vanlegvis lånekort 2. klasse. Born og unge må ha underskrift av føresette.

Alle som bur i landet kan få lånekort på biblioteket. Born får vanlegvis lånekort frå 2. klasse.

For å få lånekort treng du legitimasjon som har personnummer og bilete. Gyldig legitimasjon for å få lånekort kan vera pass, bankkort eller førarkort. Born under 15 år må ha underskrift av foreldre eller føresette for å få lånekort. Du er ansvarleg for alt som er lånt på lånekortet ditt. Det er gratis å bruka biblioteket og låna bøker og andre media. Bibliotekepersonalet har teieplikt og skal verna om låneopplysningar.

Det er gratis å bruka biblioteket og låna bøker og andre media, men du må betala for utskrifter, skanning, fax og kopiering. Lokalt lånekort gjeld ved Voss bibliotek. Nasjonalt lånekort gjeld i heile landet. For å låna e-bøker må du ha Nasjonalt lånekort.

På biblioteket kan du låna sjølv på utlånsautomaten ved skranken om du har med lånekort.

Lånetid:

Du kan låna bøker, lydbøker og «dataspel»  i fire veker. For DVDar  og tidsskrift er lånetida ei veke. Lånetida for språkkurs er fire eller åtte veker. Lånet kan du fornya om ingen andre ventar på materialet. Du kan kontakta oss eller fornya sjølv ved å bruka lånekortet på automaten eller logga inn med lånekort på Mine lån Dersom du har bøker/media ut over lånetida, sender biblioteket påminning. Dette kostar kr 20.- pr. påminning for vaksne. Det er ikkje purregebyr for born. Etter 2. purring blir det sendt rekning og bøker/media må erstattast.
Om du har mista lånekortet, kostar nytt kort kr 10.- Lånarar som ikkje rettar seg etter reglane, kan mista retten til å låna.

logo eg elskar bibliotek