Vestlandsmålaren Bernt Tunold, med Jan H. Landro

Arrangement

Jan H Landro har skrive bok om vestlandsmålaren Bernt Tunold. han kjem til biblioteket for å fortelja om målaren og visa bilete av nokre av måleria.

Dato / tid
07.03.2017, 19:00 - 20:30


Vestlandsmålaren Bernt Tunold, foredrag med Jan H Landro.

Jan H Landro si bok om Bernt Tunold kom ut på Selja forlag i 2016. Kunstnaren oppheldt seg på Voss i fleire periodar og har mange motiv herifra. Landro vil ha ein vossavri på foredraget sitt hjå oss.

Bilete av Jan H Landro

Selja forlag  prensenterer  kunstnaren og boka slik:

Bernt Tunold (1877-1946) var ein av våre fremste målarar på 1900-talet – og vestlandsmålaren framfor nokon. Ingen skildra det grøne Vestlandet som Tunold. I unge år hamna han i skuggen av vennen Nikolai Astrup, men gjekk seinare sine eigne vegar. Mykje av livet sleit han med eigne demonar og ytre vilkår som gjorde kunstnarlivet vondt og vanskeleg.

Boka om Bernt Tunold

Boka om Bernt Tunold

Bernt Tunold var frå Selje i Nordfjord, budde i periodar i Sigerfjord i Vesterålen og Hyen i Nordfjord, men hadde størstedelen av livet heimen sin i Bergen. Motiva sine, helst landskap og gamle tun, fann han over heile Vestlandet. Frå midten av trettiåra fekk stilleben og interiør ein sentral plass i kunsten hans.

Forfattaren har reist i Tunold sine fotspor til dei mange stadene han vitja med staffeliet og paletten. Han har snakka med folk som kjende Tunold, sett Tunold-bilete på mange vegger, og har saumfare det som finst av skriftlege kjelder. Den personen som stig fram er ein heroisk kunstnar, som aldri gav opp å måle, og som endå i vanskelege tider skapte noko av sin finaste kunst.

 Jan H Landro