Språkkafé med elevar frå norskopplæringa

Arrangement

Biblioteket og vaksenopplæringa samarbeider om å arrangere språkkafè for elevar som skal læra norsk

Dato / tid
24.11.2017, 11:00 - 11:30


Språkkafé i biblioteket

Alle er velkomne til sprråkkafé i biblioteket. Me inviterer ein klasse frå norskopplæringa som treng norske samatalepartnarar. Du treng ikkje nokon særlege kvalifikasjonar for å delta på dette. Me severer kaffi og te. Dersom du er usikker på kva de skal snakka om, har me ulike spel som hjelpemiddel. Det viser seg at både elevar og hjelparar, har stort utbyte av å delta på språkkaféane.

Det er mange bibliotek rundt om i landet som har dette tilbodet. Her på Voss har det dessverre vore litt for få norsktalande som har møtt opp, så me treng nye folk.

Her kan du lesa meir om tilboda som Voss vaksenopplæring og logopedi har.

Bilete av folk i biblioteket

Språkkafé i biblioteket