Marta Norheim – oppdateringar på samtidslitteraturen

Arrangement

For 10 år sidan kom Marta Norheim med "Røff guide til samtidslitteraturen" der ho tok for seg den norske frå 1990 og fram til 2007. No er ho tilbake med oppfølgaren "Oppdateringar frå lykkelandet" der ho ser på kva som har skjedd innan norsk litteratur sidan då. Torsdag 1. mars er vossingen tilbake i biblioteket og gjev oss eit innblikk i kva som rører seg i bøkene.

Inngangspengar: 55 kroner.

Dato / tid
01.03.2018, 19:00 - 20:30


Oppdatering på samtidslitteraturen

Tittelen på boka «Oppdateringar frå lykkelandet» speglar på at Noreg ofte vert omtala som verdas lukkeligaste land. Om kor vidt dette stemmer kan ein kanskje finne svar på i samtidslitteraturen. Marta Norheim vil ta oss gjennom kva tendensar som utmerkar seg i litteraturen, fellestrekk ved dei nyare bøkene og kva emne som aldri vert utdaterte. Dette er eit arrangement for alle som er interessert i gode bøker, og kanskje få med seg nokre boktips!

 

Bilete av Marta Norheim som skal ha foredraget samtidslitteraturen

Marta Norheim (foto: Samlaget)

Om Marta Norheim

Marta Norheim er ein journalist og litteraturkritikar. Ho er for dei fleste mest kjent frå P2, der er samfunnskommentator og bokanmelder. Ho har utgitt tre bøker: «Røff guide til samtidslitteraturen» (2007), «Friksjonar» (2011) og «Oppdateringar frå lykkelandet (2017).