Lesesirkel for deg som går på ungdomsskulen

Arrangement

Liker du å lese? Liker du å snakke om bøker saman med andre? Kom på biblioteket då vel! Lesesirkel - ikkje berre for mammo di!

Dato / tid
14.02.2018, 15:00 - 16:00


Lesesirkel. Bilde av jente som les.

Lesesirkel på biblioteket

I ein travel kvardag kan det vere vanskeleg å prioritere å lese berre fordi det er kjekt (og ikkje fordi læraren har sagt du må). Når ein samlast i lag med andre som liker å lese kan det vere lettare å prioritere denne hobbyen.

Me samlast på biblioteket onsdag 14. februar kl 15 for å bli litt kjent og for diskutere kva bøker me liker og kva me har lyst å lese i lag. Planen er at me skal lese den same boka eller novella, så skal me møtast jamleg for å snakke om det me har lese og dele tankar. Målet er at me skal ha det kjekt og sosialt, og ikkje minst – lese fordi det er gøy!

Høyres dette ut som noko for deg? Eller kjenner du ein ungdom som dette kan passe for?

Ta kontakt med biblioteket på voss@voss.folkebibl.no om du er interessert, eller berre møt opp på biblioteket på onsdag!