Kva er forkynning og kva er læring?

Arrangement

I samarbeid med Hordaland fylkeslag og Voss lokallag av Human-Etisk Forbund inviterer me til debattmøte på Voss bibliotek. I panelet er Trond Enger, generalsekretær i Human-Etisk Forbund, Oddrun Bråten frå NTNU, ein representant frå kyrkja på Voss, og Tom Sverre Tomren frå Bjørgvin bispedøme. Me håpar også å få med oss ein representant frå Voss kommune.

Dato / tid
31.05.2018, 19:00 - 21:00


Bilete av kulturhuset med Voss bibliotek

Voss kulturhus

Forkynning eller læring?

For to år sidan takka rektorane på Voss samla nei til kyrkja si innbyding til gudsteneste. Det vart mykje nasjonal merksemd i media. Det enda med at kyrkja laga eit opplegg i samarbeid med Voss kommune og skulane. Dette var obligatorisk for alle elevane. Det har det i ettertid kome klager på.

Med dette bakteppet inviterer Hordaland fylkeslag og Voss lokallag av Human-Etisk Forbund til debattmøte på Voss bibliotek. I panelet er Trond Enger, generalsekretær i Human-Etisk Forbund, Oddrun Bråten frå NTNU, ein representant fra kyrkja på Voss, og Tom Sverre Tomren frå Bjørgvin bispedøme.Vi vonar også å få med oss ein representant frå Voss kommune.

KRLE-faget skal vera kritisk, objektivt og pluralistisk. Det er derfor ikkje tillate med religiøs forkynning i faget. Trass dette ser vi ei rekke saker der foreldre klagar på skulane sine. Dei klgar på opplegg, utforma av Den norske kyrkja, til bruk i KRLE-faget. Opplegga går som oftast føre seg i kyrkjene og blir leia av ein prest eller annan kyrkjeleg tilsett med trusopplæring som fagfelt.

Det kan vera påskevandring der barna får visualisert historia om Jesus sine siste dagar, julevandringar der ein går gjennom og opplever ei heil gudsteneste med somme utelatne moment, bibelvandring og anna.

Utdanningsdirektoratet er klare på at det er skulen og læraren som er ansvarleg for at fagkrava vert oppfylt. Undervisningsopplegget som vert nytta skal tilfredsstille desse krava. Når kyrkja tilbyr opplegg som dei «sel inn» til skulane for å følgja kompetansemåla i KRLE-faget, er det skulen som er ansvarleg for at dei til sjuande og sist ikkje vert oppfatta som forkynning.

Skulane kan ikkje ta del i gudstenestene i KRLE-faget, men  skulen kan likevel takka ja til å delta på dette i eitt av dei andre faga. Det er det heilt spesielle retningslinjer som må nyttast; mellom anna er det krav til likeverdig alternativ og god informasjon. Ikkje minst skal alle takast vare på når det vert øvt til desse gudstenestene. Om skulane meiner at opplegga det er vist til, ikkje er forkynning, er det ikkje same krav til presentasjon, informasjon og alternativ når desse opplegga vert gjennomførde. Det har også vore vanskeleg for dei foreldra som har klaga på opplegga å få fastsatt kva forkynning eigentleg er. Dei som har fått delvis medhald, har berre fått det på bakgrunn av at noko kan oppfattast som forkynning.