Krigshistorier fortalde av eldre vossingar

Arrangement

Krigshistorier frå eldre folk på Voss vert no digitaliserte og lagt ut på nettet. Denne kvelden vert utdrag frå intervjua presentert av Jostein Saakvitne frå Memoar.

Dato / tid
16.01.2018, 19:00 - 21:00


Krigshistorier frå Voss

På 1990-talet vart det gjort unike intervju/videoopptak med vossingar som fortalde om opplevingane sine under okkupasjonstida på Voss. Desse intervjua vert no digitalisert og lagt ut på nettet. Denne kvelden vert utdrag frå intervjua presentert av Jostein Saakvitne frå Memoar. Folk frå sogelaget vil fortelja meir frå denne tida og utdjupa det som kjem fram i intervjua. David Gjøstein har sagt seg viljug til å fortelja meir om denne tida

Samstundes vil ein presentera dei nye nettsidene om okkupasjonstida på Voss, der mykje interessant stoff er samla.

Nettsidene finn du på Memoar.no 

Arrangementet er i samarbeid med Voss Sogelag.

 

Bilete av menn i uniform og hest med vogn

Krigshistorier