Knut Hamre og Ola E Bø, musikk og poesi i biblioteket

Arrangement

Knut Hamre og Ola E. Bø framfører Granvin-slåttar og tekstar av Jon Fosse og Olav H. Hauge

Dato / tid
17.10.2017, 19:00 - 21:00


«og i spelet kunne sorga letna og bli til flog»

Bilete av Knut hamre

Knut Hamre

Dei siste to åra har spelemannen Knut Hamre spelt inn det han sjølv kan og elles har komme over av slåtterepertoaret som har vore i bruk i Granvin; bortimot 100 hardingfeleslåttar som kjem ut i ein CD-boks med fyldig dokumentasjon på plateselskapet Grappa til neste år. Ola E. Bø, dramaturg ved Det Norske Teatret, har valt ut ulike tekstar av Jon Fosse og dikt av Olav H. Hauge. Desse to diktarane har dei begge tilknyting til på ulike måtar, gjennom samarbeid i konsertar, i teatret og privat. Gjennom spel, samtale og utdrag frå ulike delar av Fosse sin mangslungne forfattarskap og Hauge si dikting har dei snikra eit program på rundt ein time der spel er ein tydeleg tråd.