Johannes Gjerdåker i samtale med Nils Kvamsdal og Bergsveinn Birgisson

Arrangement

Johannes Gjerdåker kom i år med boka "Glimesteinar frå islandsk visetradisjon." Her har han attdikta nokre av dei spesielle islandske visene.
Boka vert presentert i Voss bibliotek gjennom ein samtale mellom Johannes Gjerdåker, Nils Kvamsdal og Bergsveinn Birgisson. Berit Opheim vil bidra med islandske stev.

Dato / tid
16.11.2017, 19:00 - 21:00


Glimesteinar frå Johannes Gjerdåker

Bilete av bokomslag

Boka glimesteinar

Lesehug og Voss bibliotek vil gjerne markera at Johannes Gjerdåker nyleg har gitt ut boka «Glimesteinar frå islandsk visetradisjon.» Me presenterer boka gjennom ein samtale mellom Johannes Gjerdåker, Nils Kvamsdal og Bergsveinn Birgisson.  Berit Opheim vil bidra med islandske stev.

I  boka har Gjeråker  attdikta eit utval viser frå den islandske viseforma ferskeytla. Denne viseforma har vore dyrka på Island frå 1300-talet til i dag, og forma er så velkjend at dei aller fleste islendingar kan ei rekkje slike viser utanboks, og mange kan òg forma nye.

For første gong blir no ei bok med denne islandske viseforma utgitt på norsk, og blant skaldane som er med i utgivinga, er nokre klassikarar, og her er òg med mange som ikkje er nemnde i litteraturhistoriske verk eller oppslagsbøker. Visene tek føre seg tema som kjærleik, håp, svik, visdom, alderdom og årstider.

Boka kjem ut på Det Norske Samlaget.