Forfattarbesøk med Siri M. Kvamme

Arrangement

Siri M: Kvamme kjem til biblioteket for å snakka om forfattarskapen sin og boka "Verden leker gjemsel".

Dato / tid
02.03.2017, 19:00 - 21:00


Forfattar Siri M Kvamme

Bilete av Siri M Kvamme

Siri M Kvamme

Siri M. Kvamme (fødd 1975) har tidlegare gjeve ut ei kortprosasamling og to romanar, og kom i 2016 ut med sin tredje roman, Verden leker gjemsel. Å leva med tap og uvisse er eit gjennomgangstema i Kvamme sin forfattarskap, likeins i Verden leker gjemsel, der hovudpersonen Hanna er i ferd med å missa synet. Ho er van med å innfinna seg og tilpassa seg andre sine liv, men på ein jentetur til Island tek livet ei ny vending.

Kvamme  har studert Litteraturvitenskap mellomfag, gått på Forfatterstudiet i Bø og Skrivekunstakademiet i Hordaland. Ho har bakgrunn som journalist og reklametekstforfattar, jobba i ti år som bokmeldar i Bergens Tidende og er leiar for Litterær Salong i Haugesund. Ikkje minst har ho gått på Voss gymnas.

Her kan du lesa meir om forfattaren.

Arrangementet er i samarbeid med Lesehug