Britt Karin Larsen om menneske og natur, i biblioteket

Arrangement

Britt Karin Larsen kjem til biblioteket for å fortelja om forfattarskapen sin og lesa frå bøkene sine. Ho er særleg kjend for dei sju bøkene om folket på Finnskogen, men har også kome med ei ny bok i år: "Av lys er du kommet."
Gratis inngang

Dato / tid
21.10.2017, 13:00 - 14:00


Mennesket i naturen – Naturen i mennesket: Britt Karin Larsen

Voss bibliotek samarbeidar med biblioteka i Hardanger om prosjektet «Mennesket i naturen – Naturen i mennesket» I dei populære bøkene om folket på Finnskogen utforskar Larsen dette temaet. Her møter me menneske som lever tett på naturen og får dela deira kamp for tilværet og deira gleder og sorger gjennom fleire generasjonar. Det vart i alt sju bøker. Slik skriv Aftenposten om romanserien.

Bilete av Britt Karin Larsen

Britt Karin Larsen

 

Forfattaren har også skrive ein trilogi om tatrane i Noreg. Ho har ein stor produksjon bak seg og kom med ny bok i år, den sjølvbiografiske romanen «Av lys er du kommet».

Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket.