Lunsjkonsert med studentar frå Ole Bull Akademiet i biblioteket

Arrangement

Lunsjkonsert med studentar frå Ole Bull Akademiet

Dato / tid
20.09.2017, 12:00 - 12:30


Folkemusikk med studentar frå Ole Bull Akademiet

Studentane på Ole Bull Akademiet er framifrå utøvarar av norsk folkemusikk. Dei kjem til oss for å ha lunsjkonsert i Atriet. Ta med deg matpakka og kom.

Sidan 1976 har Ole Bull Akademiet ein unik posisjon som kurs- og kompetansesenter spesialisert på norsk folkemusikk og -dans.

Les meir om Ole Bull Akademiet og sjå bilete her

Fele til folkemusikk frå Ole Bull Akademiet

Ole Bull Akademiet har ei omfattande kursverksemd, og frå 1996 også eit eige utøvarstudium i samarbeid med Griegakademiet / Universitetet i Bergen.

Ole Bull Akademiet er ei stifting med eit offentleg oppnemnd styre som i samarbeid med dei tilsette skal trekkja opp kursen i arbeidet. OBA eig og driv Kringsjå AS som har overnattingskapasitet til ca 40 kursdeltakarar i akademibygget. I 1994 vart det bygd på med administrasjonsavdeling, undervisningsrom og konsertsal (Osasalen), og i 2004 vart bygget utvida med fleire undervisningsrom, øvingsrom og kontor. I huset ved sida, Strengjarhaugen 8, er det felemakarverkstad og hyblar. I tillegg vert kunstnarheimen til Sigbjørn Bernhoft Osa, «Sævelid», nytta til konsertar.

Ole Bull Akademiet har ein fast stab med fagleg tilsette, som er blant dei fremste folkemusikkutøvarane i landet. Ein har også eit nært samarbeid med det faglege personalet ved Griegakademiet – Institutt for musikk. I tillegg har OBA eit godt samarbeid med ulike frivillige organisasjonar og spelemannslag. Ei rekkje av våre fremste folkemusikkutøvarar er knytte til OBA som timelærarar, og står for kring halvparten av undervisninga.

Denne blandinga av akademisk skulerte lærarar og våre fremste spelemenn, dansarar og kvedarar knyter sterke band til den levande og pulserande folkemusikken.

Ole Bull Akademiet finansierer drifta ved tilskot frå Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Hordaland fylke og Voss kommune.

Ole Bull Akademiet skipar til den årlege Osafestivalen, styrer med Sigbjørn Bernhoft Osa sitt fond og forvaltar felesamlinga etter Sigbjørn Bernhoft Osa.

Undervisninga byggjer i hovudsak på den gamle spelemannsskulen: «Frå øyra til øyra, streng til streng, frå strupe til strupe».