Bokslepp, Kåre Johan Mjør : Russiske imperium

Arrangement

Forskar og idéhistorikar Kåre Johan Mjør kjem på vitjing i Voss bibliotek for å lansere den nyskrivne boka Russiske imperium.

Dato / tid
16.09.2017, 13:00 - 14:00


Bilete av Mjør

Kåre Johan Mjør

Biblioteket inviterer bygdafolket og andre interesserte til bokslepp! Kåre Johan er forskar/filolog og idèhistorikar med Russland som kompetanseområde.

Mjør (oppvaksen i Kvanndal) er tilknytt Uppsala Universitet. Han har mellom anna publisert ei rekkje artiklar, både på norsk, engelsk og russisk, vore ein aktiv bidragsytar til nettleksikonet Allkunne.no, held kurs i akademisk skriving for Høgskulen på Vestlandet. Kåre Johan har i tillegg vore tilsett ved den norske ambassaden i Moskva. Det er altså ikkje reint lite denne karen kan skilta med.

Russiske imperium (Cappelen Damm: 2017) er den fyrste bokutgjevinga hans på norsk.

Vi ser fram til å ta del i kunnskapen hans, og gler oss stort til besøk!

Det vert høve til å kjøpe boka. Biblioteksentralen si omtale av Russiske imperium kan du lese her:

Kåre Johan Mjør: Russiske imperium (2017)