«Angst – alle kjenner den». Foredrag omkring temaet

Arrangement

Angst er eit ord som før var framand for dei fleste, men som i dag nærast er ein del av daglegtalen. Men kva er angst eigentleg, og er det kun ein "sjukdom" som psykologar har med å gjere, eller er angst noko folk flest vil erfare gjennom livet?

Dato / tid
18.01.2018, 19:00 - 20:00


Temakveld om psykisk helse

Rådet for psykisk helse definerer angst som «en av de vanligste psykiske helseplagene i Norge», og at om lag 30 % vil oppleve angst i løpet av livet. Med ein slik statistikk er det viktig med større kunnskap om emnet.

Torsdag 18. januar kl 19 vil psykologane Katharina Vaaland og Martine Søstrand, saman med erfaringskonsulenten Solveig Bartun Rob frå Mental Helse ha eit foredrag om temaet angst, og kva betydning den har for oss.

 

 

 

Om føredragshaldarane

Katharina Vaaland er utdanna psykolog ved Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd som psykolog på voksenpsykiatrisk poliklinikk ved Voss DPS NKS Bjørkeli. Ho held for tida på med ei spesialisering innan Intensiv dynamisk korttidsterapi (ISTDP).

Martine Søstrand er utdanna ved Aarhus Universitet i Danmark. Er for tida under spesialisering i kognitiv atferdsterapi. Har tidlegare arbeidd ved Groruddalen DPS, flytta til Voss i april. Arbeider no ved Voss DPS NKS Bjørkeli.

Solveig Bartun Rob er erfaringskonsulent frå Helse Bergen. Ein erfarinskonsulent er ein person med eigen erfaring med psykiske helseplager anten som pasient eller som pårørande. Erfaringskonsulentar arbeider på system- og individnivå i norsk helsevesen.

I samarbeid med Hordaland fylkeskommune, Helse Bergen og Mental Helse