Kristin Sørsdal om migrant-ruter, menneskeverd, murar og Middelhavet

Arrangement

Kristin Sørsdal har arbeidd som frivillig flyktningehjelpar ved Europas yttergrense langs strendene ved Middelhavet. Ho er mest kjend for å ha omsett bøkene til Elena Ferrante til norsk.
Vaksne kr. 55,-
Studentar gratis

Dato / tid
17.04.2018, 19:00 - 21:00


Bilete av Kristin Sørsdal

Kristin Sørsdal
Foto:Jan M. Lillebø

Migrantruter, menneskeverd, murar

Foredrag med Kristin Sørsdal

Sørsdal har arbeidd som frivillig flyktningehjelpar ved Europas yttergrense langs strendene ved Middelhavet.
Ho har omsett Allessandro Leogrande si bok «La frontiera» (no. tit.: «Grensa») til norsk, men mest kjend er ho for å ha omsett Napoli-kvartetten til Elena Ferrante. Arbeidet har ført ho til Italia mange gonger dei siste åra og i 2014 var ho på Lampedusa for å arbeide med sin eigen roman, «Mare». Foredraget er ei personleg reise driven av eit ønskje om sjølv å sjå flyktningestraumen over Middelhavet til Europa. Omsetjing, språk og eigne reiser er ein raud tråd gjennom foredraget.
Om foredragfshaldaren: Lærar, forfattar og omsetjar. Har i mange år arbeidd i norskopplæringa for innvandrarar, har mellom anna omsett bøkene til Elena Ferrante og gitt ut 3 romanar. Den siste, «Mare» kom i 2017. Du kan lesa meir om Sørsdal på Samlaget.no
Arrangementet er eit samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek