Sommaropningstid i biblioteket frå 16.juni

Aktuelt   

Biblioteket har reduserte opningstider frå 16. juni til 20. august.
Det er ope måndag 10 - 18, tysdag - fredag 10 - 16. Laurdagar er det stengt.

Sommaropningstid

I sommar er biblioteket ope måndag 10 – 18, tysdag – fredag 10 – 16, laurdag er det stengt. Du kan levere bøker i innleveringskassen i trappa når kulturhuset er ope.

Illustrasjonsfoto sommaropningstid, jente med bok

Sommaren er her

 

Rekk du ikkje innom biblioteket, kan det vera fint å låna e-bøker.  Du finn dei på appen eBokBib.

Du kan logga deg inn med lånekortet og reservere bøker og forlenge lånetida på Mine sider. Dette kan du også gjera på Bibliofilappen. Her får du også gratis tilgang til aviser og magasin både på norsk og mange andre språk.