Strøyma arrangement frå Nasjonalbiblioteket

Strøyma arrangement frå Nasjonalbiblioteket

Aktuelt   

Dialektkonkurranse med Linda Eide, Siri Dokken om satireteikning i Noreg og Bjørn Pedersen om Henrich Steffens som kjemiker og mineralog. Dette er nokre av dei gode arrangementa Nasjonalbiblioteket strøymer dei nærasete dagane.

Språk og dialekter

Det byrjar 31. mai kl 19 med Høtt sa du? Vi har eit lidenskapeleg forhold til dialektane våre her i Noreg. FREDAGar på 80-talet sat vi klistra til tv-skjermen for å gjette oss fram til rett målføre i NRK-programmet «Har det på tunga…». No blæs Nasjonalbiblioteket og Språkrådet liv i det talemålske konkurranseinstinktet. Linda Eide er programleiar og Åse Wetås domar. På kvart sitt lag skal dialektekspertane Arne Torp, Tor Erik Jenstad og fleire konkurrere med kvarandre og publikum i kunnskapen om palatalisering, apokopar og kløyvd infinitiv.

Satireteikning

Laurdag 2. juni kl 14 kjem Å tegne med broddSiri Dokken om satiretegning i Norge. 

Dei fleste avislesare har sett refsande kommentarar til aktuelle hendingar i teikna form, særleg politiske hendingar. Men kva gjer ei teikning satirisk? Held det med ein skarp brodd, eit klart poeng, eller må teikninga også setje fingeren på eit ømt punkt?

Siri Dokken vart tilsett som professor II i satireteikning ved KHIO i fjor, og ho har vunne fleire prisar som avisteiknar og illustratør. No kjem ho til Nasjonalbiblioteket for å fortelje om satireteikning i Noreg, ein sjanger med sterke tradisjonar.

 

Henrich Steffens

Tysdag 5. juni kl 13 kjem Steffens ukjente side. Bjørn Pedersen om Henrich Steffens som kjemiker og mineralog. Den norskfødde filosofen Henrich Steffens (1773–1845) spilte ei framståande rolle i det intellektuelle livet i Europa i første halvdel av 1800-tallet. Han er i dag mest kjend som naturfilosof og samfunnsdebattant, men han starta som naturforskar. Gjennom heile si karriere underviste han i mineralogi, og som ung mann var han ein av dei første som presenterte den revolusjonerende «nye franske kemi» for eit skandinavisk publikum.

Professor emeritus i kjemi, Bjørn Pedersen, har sett nærare på Steffens verksemd som kjemiker og mineralog, ei verksemd som ikkje er so kjend i dag.


DENNE ARTIKKELEN ER HENTA FRÅ Hordaland fylkesbibliotek