Sommarles 2018 startar 1.juni

Aktuelt   

Logg inn på Sommarles.no og bli med på denne spennande lesekampanjen.
1. juni startar lesekampanjen Sommarles 2018.

Sommarles 2018

.

Bilete av logo

Logo Sommarles

Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta i Sommarles (inkl. dei som skal byrja i 1. til hausten og dei som går ut 7. klasse ved kampanjestart).

Barna vert løna for innsatsen både med digitale trofé på profilen sin på nettsida og med kule fysiske premiar. Alle får minst éin premie, dersom ein berre kjem i gang og les ei bok i sommar. Men barna vert oppmoda til å lese meir, og det er lesinga som er det viktigaste.

Alle kan vera med: superlesarar, gode lesarar, middels gode lesarar… men òg dei som treng litt hjelp eller er i ferd med å lære seg lese (då kan barna bli lesne for eller høyre på lydbøker).

Lesekampanjen er i utgangspunktet nettbasert, dvs barna registrerer bøker dei les, får lesetips, får tilgang til ei spesialskrive fantasyforteljing skrive av forfattaren Mari Moen Holsve på nettsida (og kan få ekstrapoeng ved å svare på spørsmål knytt til denne). Sommarles er gøy.

Bilete av banner

Sommarleshistoria

– Har ein ikkje nett tilgjengeleg, kan ein likevel delta. Då er det berre å stikke innom biblioteket for å få hjelp med dette.

– Kampanjen er utvikla av biblioteka i Vestfold, Vestfold fylkesbibliotek og firmaet Snuti ANS. Ta kontakt med det lokale biblioteket ditt dersom du lurer på noko meir om kampanjen i kommunen der du bur.

Sjå også http://www.sommarles.no/