Ungdomsprogram i biblioteket våren 2018

Aktuelt   

Bokklubb for ungdom, Game Jam Lab, Strikkekveld med lydbok og konsert er noko av det ungdommane i biblioteket har planlagt

Ungdomsprogram

Onsdag 14.februar kl. 15 startar me med lesesirkel for ungdom. Alle som likar å lesa bøker og snakka om dei kan koma. Det passar for dei som går på ungdomsskulen.

Illustrasjon til ungdomsprogram

Ungdomsprogram med lesesirkel

Kvar torsdag kl. 15.30 har me Game Jam Lab, her kan du læra å laga dataspel saman med spelutviklar Bjørn Slettemark .

I månadsskiftet februar- mars blir det Japanveke.

Tysdag 27. februar kl. 16.30: Haikuverkstad, her kan du læra å laga haikudikt.

Onsdag 28. februar kl 19.00 Japankveld med quiz, haiku, origami, Manga og dataspel

 

Torsdag 1.mars. Japansk film, Det levende slottet.

Heile veka blir det utstilling av japanske bøker og anna.

20.mars : Strikk og lytt. Her kan du ta med strikketøy og høyra på lydbok. Det er lov å koma utan strikketøy òg.

24.april: Me planlegg konsert med lokale band og andre artistar.

Meir informasjon finn de på Facebooksida Bibliotek for ungdom Voss og i Facebookgruppa Game Jam Lab. Lik og del sidene våre!