Vårprogrammet vårt er klart

Aktuelt   

Vårprogrammet 2018 er no klart. Det er mange spanande arrangement å sjå fram til .

Vårprogram

Biblioteket har eit rikhaldig program denne våren og startar alt i januar med fleire interessante tema. Nytt i år er at me har psykisk helse som tema. Me har samarbeid med fylkesbiblioteket om dette. Elles blir det litteraturformidling, lokalhistorie, aktuelle samfunnstema og progBilete av framsida på vårprogrammetram for born og ungdom. Du kan bla i brosjyren her

Takk til samarbeidspartnarane våre

Me takkar dei faste samarbeidspartnarane våre Lesehug, Voss Lyrikklag, Ole Bull Akademiet, Voss Ættesogelag, Folkeakademiet og andre som tek kontakt med oss og ynskjer å arrangere ting i samarbeid med biblioteket. Slik får me eit variert og spanande program som me ikkje kunne fått til åleine.

Det kan verta endringar i programmet, det blir kunngjort på nettsidene våre, på Facebook og på informasjonsskjermane me har.