Populære DVD-filmar i 2017

Aktuelt   

DVD-filmane Knutsen & Ludvigsen, Kongens nei og Istid 5, var dei mest populære filmane på biblioteket i fjor

Knutsen & Ludvigsen og den Fæle Rasputin var den filmen var mest utlånt på Voss bibliotek i 2017. Filmen handlar om to små fyrar eller trubadurar som bur i ein tunnell. Dei syng og spelar og har det ganske roleg, heilt til ei dame fell av toget, inne i tunnellen deira. Ho og faren hennar vert jakta på av den fæle Rasputin. Filmen høver for born over 6 år.

Frå utlånsstatistikken for DVD-filmar 2017:

  1. Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin (46 utlån)
  2. Kongens nei (42 utlån)
  3. Istid 5 – på kollisjonskurs (33 utlån)