På utlånstoppen i 2017

Aktuelt   

Vigdis Hjorth, Anne B. Ragde og Lucinda Riley ligg på topp i statistikken for vaksne:

1. Vigdis Hjorth: Arv og miljø (40 utlån)
2. Anne B. Ragde: Alltid tilgivelse (31 utlån)
3. Lucinda Riley: Skyggesøsteren (29 utlån)

Vigdis Hjorth, Anne B. Ragde og Lucinda Riley var dei tre mest populære forfattarane hos oss i 2017. Boka til Vigdis Hjorth kom i 2016, men vart ekstra etterspurt i sommar då systera Helga Hjorth ga ut ei bok med sin versjon av familiehistoria. Anne B. Ragde si nyaste bok Alltid tilgivelse, er den fjerde boka i serien som starta med Berlinerpoplene, og fortsatte med Eremittkrepsene og Ligge i grønne enger. Lucinda Riley er den tredje boka i serien om dei sju søstrene. Den fjerde boka i serien kjem ut no i desse dagar.